Hopp til hovedinnhold
Info til deltager

Ordensreglar🫂

Ordensreglar er til for at alle skal føle seg trygge!

Stille frå kl. 00:00 💤
- Det skal vere ro i soveområdet frå kl. 00:00. Søvn kan vere kjedeleg, men det er viktig - spesielt når dagane startar tidleg! Alle som vil sove, skal få sove.

Ingen rusmidlar
- Bruk av rusmidlar er forbode, og medfører heimreise for eiga rekning.

Møt opp når du skal - i god tid
- Alle må møte presis til lydprøver, framsyningar og workshops.

Mobilen skal ladast på dagtid, ved ladesonene 🔋📱
- På grunn av brannfare, skal all lading foregå i ladesoner.

Ver god mot andre 🤍
- Respekt, toleranse og mangfald skal prege festivalen.
- Det skal vere rom for ulike meiningar, livssyn og veremåtar, og alle skal føle seg trygge.
- Ver raus!!! Alle er forskjellige.

Ha på lyd på telefonen din på dagtid 🔊
- Det kan vere fleire som lurer på kvar du er - ver tilgjengeleg!

Meld frå kvar du går!

Dersom du skal gå ein tur på butikken må du gi beskjed til reiseleiaren frå kommunen din at du går
- Ingen forlater frestivalområdet utan å gi beskjed til ein vaksen.
- Gå saman med nokon andre når du først skal ut på tur!