Hopp til hovedinnhold

Vinje 2026

lørdag 7. mars kl. 12:00 - 20:00

Vinje, Kviteseid

Hva skjer?

Laurdag 7.mars brakar det laus med UKM-Festival Vinje! UKM er ein sosial arena for born og unge i alderene 10-20 år og no er påmeldinga ope! Til utstilling: Her er det kun fantasien som set grenser. Me tek imot alt! Tidlegare har me t.d teke imot handlaga smykke, legobygging, heimesydde klede, 3-D-printa produkt, figurar av skrapmetall, produkt veva på storvev, måleri, teikningar osb. Til sceneframsyning: Det du melder på til sceneframsyning vert vist fram på ein konsert med publikum, på ettermiddagen 7.mars. Likevel, me ynskjer også her eit mangfald! Her kan du melde på dans, song, eit dikt eller forteljing som du les, ein låt med band eller noko anna du tenkjer bør vere med. Gaming: Gamingromet vil vere ope med moglegheiter for spillquest. Spillquest er ein konkurranse der du rullerar på 5 PCar med ulike spel, som du mest sannsynleg ikkje kan. Summen av resultata på spela gjer deg ei plassering av alle deltakarane. Kanskje blir du best?

Ofte stilte spørsmål

Kontaktpersoner

Stine Mondal Ljostad

Stine Mondal Ljostad

Vinje
Kviteseid
Vinje 2026