Informasjon til reiseleiarar
Velkomen som leiar på UKM Vestland fylkesfestival!
Her finn du informasjonen du treng for å vere klar til UKM Vestland Fylkesfestival 24. - 26. april 2026.
Reiseleiar sitt ansvar
Produsent Brilliance Live og arrangør Vestland fylkeskommune forheld seg til deltakarane kommunevis. Det er kommunane sine reiseleiarar sitt ansvar at deltakarane møter presis til tekniske prøver, sceneframsyningar, workshops og andre arrangement på festivalprogrammet. Reiseleiarane har ansvar for at deltakarane får i seg nok mat og drikke og får nok søvn. Det er også reiseleiarane sitt ansvar å orientere deltakarane om ordensreglane for festivalen, og syte at det er ro i eigen sovesal frå kl. 23:00. Unge Arrangørar vil arrangere bli-kjent leikar og andre aktivitetar under festivalen. Reiseleiarane bør motivere deltakarane til å vere aktive festivaldeltakarar slik at dei blir med på aktivitetar, inkluderer andre i spel/leikar så vel som å støtte dei andre deltakarane ved å sjå på førestillingar og delta på vernissasje.
Leiarmøte
Det blir arrangert leiarmøte fredag 24. april i Aulaen på Førde VGS kl. 18.00 - 18.30. Det er viktig at alle reiseleiarar møter der då det vil bli gitt viktig informasjon og blir høve til å stille spørsmål til arrangør.
Ordensreglar
• Respekt og toleranse er viktig under festivalen. Det skal vere rom for ulike meiningar, livssyn og veremåtar slik at alle kan kjenne seg trygge.
• Det skal vere ro i sovesalane frå kl. 23:00.
• Alle UKM-deltakarar må møte presis til framsyningar og arrangement. Møt 15 minutt før prøvene då dei kan bli framskunda.
• All bruk av rusmidlar er forbode, og brot fører til heimsending for eiga rekning.
• Ved ei eventuell evakuering er det reiseleiarane som er ansvarlege for å vite kvar kommunen sine deltakarar er, og ha oppteljing av desse på samlingsstaden ein blir tilvist av brannvakter. Alle leiarar skal vere tilgjengelege på mobil på dagtid.
Innsjekking/Utsjekk
Innsjekking fredag skjer ved sekretariatet på Førde VGS. Kommunane melder seg der når ein kjem til festivalen.
Leiar får utdelt eit nett som inneheld deltakarbevis (festivalband og neckhangers med tags) som hen fordelar på deltakarane. Ein får også tildelt sovesal (klasserom) ved innsjekk og informasjonsskriv.
Ved utsjekk skal leiar sørge for at sovesal er tømt for søppel, flasker m.m. Tavle skal også tørkast av.
Spelereglane på nattetid
I sovesalane (klasseromma) på Førde VGS skal det vere ro frå kl. 23:00 til kl. 07:00.
Dei som ønskjer å vere oppe etter kl. 23:00 skal opphalde seg i atriumet/kantina på skulen. Vi har vakter ved inngangsdørene som syter for at ingen får forlate skulen i det tidsrommet det skal vere stille.
Kvar natt skal éin av leiarane vere registrert som ansvarleg, og vere tilgjengeleg på mobil dersom festivalleiinga ser behov for å ta kontakt. Før leiar tar kvelden, skal hen ha kontroll på alle sine deltakarar og melde inn antall til sekretariatet. Reiseleiarane skal overnatte i samme klasserom som deltakarane. Leiarane får tilgong til eigne lærargarderobar.
Måltid
Frukost, lunsj, middag og kveldsmat blir servert i kantina på Førde VGS. Alle måltid tar omsyn til innmeldte allergiar/diettar.
Fredag:
17.00 - 19.00 Middag: Taco
22.00 - 23.00 Kvelds: Brødmat
Laurdag:
08.00 - 10.00 Frukost: Brødmat
11.00 - 14.00 Lunsj: Kyllingsalat
17.00 - 20.00 Middag: Pizza
22.00 - 23.00 Kvelds: Brødmat
Søndag:
08.00 - 11.00 Frukost/Brunsj: Brødmat + restar
14.00 - 14.30 Avreisebaguett: kan takast med i handa
Framsyningar
Det blir 4 framsyningar med innslag frå deltakarane på festivalen. Inngang er gratis.
Fredag kl. 20.00
Laurdag kl. 15.00
Laurdag kl. 20.00
Søndag kl. 12.00
Kunstutstilling
Det blir vernissasje når kunstutstillinga har offisiell opning fredag kl. 19.00. Inngang er gratis.
Opningstider kunstutstilling:
Fredag: 19.00 - 20.00
Laurdag: 10.00 - 15.00 og 17:00 - 20.00
Søndag: 10.00 - 12.00
Kunstnarane skal møte ein time før vernissasje på fredag for å få eit kort foredrag om korleis ein har laga utstillinga og fordeling av gallerivakter.
Les meir om kunstnarane sitt opplegg her.
Oversikt tekniske prøvar, program mm.
Oversikt over tekniske prøver og program ligg på denne sida. OBS! Kvar deltakar har si oppmøtetid.
Liste med tider og rekkefølge for tekniske prøver og førestillingar heng også i sekretariatet og backstage under festivalen.
Workshops
Workshops gjennomførast laurdag mellom kl. 09.00 og 14.30.
På festivalen blir det følgjande workshops:
1) Samspel med Michael Barnes
2) Maol og Moro med Huldri
3) Dans Hiphop med Andrine Faleide
4) Dans Moderne med Andrine Faleide
5) Karakterdesign med Camilla Vie
6) Kullteikning med Camilla Vie
7) Låtskriving med Petter Sætre
8) Teatersport med Greta Pemberton
9) Visuell Identitet med Sara Westergaard Karlsen
10) Coverart med Sara Westergaard Karlsen
Påmelding opnar 8. april. Link for påmelding er lagt ut på informasjonssida om Workshops og sendt på alle SMS-nummer som er registrerte. Det er plass til alle på workshops, men avgrensa plass på kvar workshop, så det er første til mølla som gjeld.
Laurdag vil det vere tekniske prøvar og workshops parallelt. Deltakarane må då prioritere å møte på teknisk prøve og så vende tilbake til workshopen når prøven er ferdig.
Unge arrangørar, konferansierar og UKM Media
Arrangørar, konferansierar og UKM Media har eigne opplegg under festivalen. Alle er ein del av UA (unge arrangørar) som er med på å lage festivalen og planlegg eigne aktivitetar under festivalen.
Har du spørsmål, kontakt
Produsent, Elise Hessevik, e-post: elise.hessevik@gmail.com, telefon: 938 55 409
Produsent, Haavard Monsen, e-post: haavard@brilliancelive.no, telefon: 408 26 644
Produsent (alle spørsmål om UA): Oda Nielsen, e-post: odaskistadnielsen@gmail.com, telefon: 944 20 557
Arrangør, Per Idar Almås, e-post: per.idar.almas@vlfk.no, telefon: 915 45 603
Med atterhald om endringar!