Hopp til hovedinnhold

Workshops

Velkommen til spennande workshops under UKM-festivalen, laurdag 25. april. Meld deg på for ei økt fylt med kreativitet og læring. Her finn du ei oversikt over dei ulike workshopene.

Alle deltakarar kan melde seg på ein workshop. Det er avgrensa plassar på alle workshops, så meld deg på tidlig, då det er først til mølla prinsippet som gjeld. Dersom du ikkje kan delta på workshopen du har meldt deg på, skal du melde deg av og gi plassen vidare. Du melder deg av gjennom e-posten du mottar ved påmelding.

Dersom du vil delta på fleire workshops, må du melde deg i sekretariatet i forkant av workshop og sjå om det er ledig plass.


WORKSHOPOVERSIKT

• Samspel med Michael Barnes

• Maol og Moro med Huldri

• Dans Hiphop med Andrine Faleide

• Dans Moderne med Andrine Faleide

• Karakterdesign med Camilla Vie

• Kullteikning med Camilla Vie

• Låtskriving med Petter Sætre

• Teatersport med Greta Pemberton

• Visuell Identitet med Sara Westergaard Karlsen

• Coverart med Sara Westergaard Karlsen

OM WORKSHOPANE

Samspel med Michael Barnes

Dette er workshopen for deg som spelar instrument eller syng og som har lyst å spele med andre. Vi utforskar forskjellege stilartar, improvisasjon og gehørspel. Instruktør er Michael Barnes, som mellom anna er musikalsk leiar for Bergen Big Band og organiserer storbandkurs for ungdommar i heile regionen. Vi sender ut notar og innspelingar på førhand, slik at du kan forberede deg. Det er ein fordel å kunne notar, men ikkje nødvendig.

Tid: 09.00 - 11.00 og 11.15 - 13.15
Stad: Lærarkantina på Førde VGS
Ta med: instrumentet ditt.
Plassar: 20 per workshop


Maol og Moro på Huldri Galleri

Velkommen til Huldri Galleri. Du får utdelt staffeli, lerret, akrylmaling og penslar. Her får du frie tøylar til å lage akkurat det du vil, og dei som ynskjer kan få hjelp og tips frå kunstnaren Huldri. Kunstverket får du sjølvsagt ta med deg heim. Du treng ikkje erfaring innan måling for å delta på denne workshopen.

Tid: 10.00 - 13.00
Stad: Huldri Galleri
Ta med: klede som tåler å få på seg måling.
Plassar: 30

OBS! Denne workshopen varer i 3 timar og er på Huldri Galleri (Naustdalsvegen 5), 3 minutt gange frå Førde Vidaregåande skule. Oppmøte i sekretariatet 9.45 for å gå i samla flokk.


Dans Hiphop med Andrine Faleide

Andrine Faleide lærer bort ein koreografi innan Hiphop/commercial. For å delta på denne workshopen treng du ikkje ha erfaring med dans frå før.

Tid: 10.00 - 12.00
Stad: Danseverkstaden
Ta med: klede som du kan danse i.
Plassar: 25

OBS! Denne workshopen er på Danseverkstaden (Prestebøen 8), 15 minutters gange frå Førde Vidaregåande skule. Oppmøte i sekretariatet 9.30 for å gå i samla flokk.


Dans Moderne med Andrine Faleide

Andrine Faleide lærer bort ein koreografi innan Moderne dans. For å delta på denne workshopen er det greit å ha litt erfaring med dans frå før.

Tid: 12.30 - 14.30
Stad: Danseverkstaden
Ta med: klede som du kan danse i.
Plassar: 20

OBS! Denne workshopen er på Danseverkstaden (Prestebøen 8), 15 minutters gange frå Førde Vidaregåande skule. Oppmøte i sekretariatet 12.00 for å gå i samla flokk.


Karakterdesign med Camilla Vie

Har du lyst å utvikle din egen karakter? Camilla Vie har jobba mykje med animasjon og illustrasjon og kan hjelpe deg med å finne ein ny karakter til dine kunstprosjekt, enten det er innanfor manga, cartoon, realisme eller ein miks. Du kan teikne på papir eller skjerm om du har. Du treng ikkje erfaring med teikning frå før for å delta på denne workshopen.

Tid: 10.00 - 12.00
Stad: Klasserom på Førde VGS
Ta med: om du vil teikne digitalt: teiknebrett eller PC med teikneprogram
Plassar: 20


Kullteikning med Camilla Vie

I denne workshopen lærer du teknikkar innanfor kullteikning. Vi jobbar med portrett, teikna med kullstift med moglegheit for å legge til litt farge med soft pastell. Du treng ikkje erfaring med teikning frå før for å delta på denne workshopen.

Tid: 12.30 - 14.30
Stad: Klasserom på Førde VGS
Plassar: 20


Låtskriving med Petter Sætre

Lær å skrive eigne låtar av ein Spellemannprisvinnar! Petter Sætre er låtskrivar, gitarist og vokalist i bandet Kristi Brud. På denne workshopen lærer du korleis du snekrar saman ein god låt. Du treng ikkje å ha erfaring med låtskriving frå før.

Tid: 10.00 - 12.00 og 12.30 - 14.30
Stad: Klasserom på Førde VGS
Ta med: instrument som du likar å skrive musikk på om du har (t.d. gitar)
Plassar: 30 per workshop


Teatersport med Greta Pemberton

Er du klar for å sleppe laus din indre skodespelar? Bli med på ein spennende workshop i teatersport, der vi utforskar improvisasjonens magi. Workshopen blir fylt med humor, kreativitet og nye vennskap. Enten du vil forbedre dine teknikkar som skodespelar eller berre ha det moro, er dette plassen for deg. Du treng ikkje å ha erfaring med skodespel for å delta på denne workshopen.

Tid: 10.00 - 12.00 og 12.30 - 14.30
Stad: Klasserom på Førde VGS
Ta med: klede som er behagelige å bevege seg i.
Plassar: 16 per workshop


Visuell Identitet med Sara Westergaard Karlsen

Visuell identitet er paraplyen for alle dei visuelle uttrykka ein artist eller kunstnar nyttar, frå sosiale media, fotografi, musikkvideo, coverart til scenografi. Visuell identitet er som å finne sin sjanger i musikk. Korleis du fremstiller deg sjølv visuelt kan hjelpe deg å fortelle kva for ein sjanger musikken din høyrer heime i, formidle historia eller stemninga i låtane, eller gjere ein artist lett å kjenne igjen frå andre artistar.

Enten du driv med musikk sjølv, eller jobbar visuelt og er interessert i musikk, så er visuell identitet noko å ta stilling til når visuelle arbeid av musikk utarbeidast. Lær korleis idear kan formast og implementerast på tvers av ulike medier, uavhengig av om du jobbar med musikk eller visuell kunst. Ingen forkunnskap er nødvendig. Sara har lang erfaring med å utvikle visuell identitet for artistar og har blant anna jobba med Skaar, Markella, Døssi, MAIH og Moyka.

Tid: 10.00 - 12.00
Stad: Aulaen på Førde VGS
Ta med: mobiltelefon
Plassar: 30


Coverart med Sara Westergaard Karlsen

Coverart er ikkje berre dekorativt, men ein viktig del av korleis musikk presenterast og oppfattast. I denne workshoppen tek vi for oss ein låt eller eit album og jobbar ut idear og skisser for å skape eit cover som formidlar korleis du tolkar musikken. Coverart kan lagast ved hjelp av fotografi, grafisk design, teikning eller maling. Ta med det du foretrekker å jobbe med. Sara har lang erfaring med coverart og har jobba med artistar som Skaar, Markella, Døssi, MAIH og Moyka.

Tid: 12.30 - 14.30
Stad: Aulaen på Førde VGS
Ta med: du treng ikkje å ta med noko, men du kan ta med arbeidsverktøy som mobiltelefon, kamera, teiknebrett, PC med teikneprogram e.l.
Plassar: 30