Hopp til hovedinnhold

Praktisk info for deltakarar

Her finn du informasjonen du treng for å vere klar til UKM Vestland Fylkesfestival 24. - 26. april 2026

Ordensreglane for festivalen er:

  • Respekt og toleranse er viktig under festivalen. Det skal vere rom for ulike meiningar, livssyn og veremåtar slik at alle kan kjenne seg trygge. Vi skal vise kvarandre omsyn og inkludere kvarandre. 
  • Det skal vere ro i sovesalane frå kl. 23:00.
  • Alle UKM-deltakarar må møte presis til prøvar, framsyningar og arrangement.
  • All bruk av rusmidlar er forbode, og brot fører til heimsending for eiga rekning.
  • Alle deltakarar skal vere med på festivalen heile helga. Om du ikkje kan delta heile helga skal du gi plassen din vidare.


Framsyningar
Det blir 4 framsyningar med innslag frå deltakarane på festivalen. Venner, familie og kjente er hjarteleg velkomne til å sjå på framsyningane. Det er gratis å komme på framsyning.
Fredag kl. 20.00
Laurdag kl. 15.00
Laurdag kl. 20.00
Søndag kl. 12.00

Kunstutstilling
Det blir vernissasje når kunstutstillinga har offisiell opning fredag kl. 19.00. Venner, familie og kjente er hjarteleg velkomne til å komme og sjå kunstutstillinga. Inngang er gratis.
Opningstider kunstutstilling:
Fredag: 19.00 - 20.00
Laurdag: 10.00 - 15.00 og 17:00 - 20.00
Søndag: 10.00 - 12.00

Arena
Fylkesfestivalen foregår på Førde vidaregåande skule. Transport organiserast av di kommune. Ta kontakt med din reiseleiar eller kommunekontakt. Workshops, framsyningar, kunstutstilling, måltid, overnatting og sosiale aktivitetar vert arrangert på Førde VGS.

Overnatting
Alle deltakarar overnattar på Førde VGS. Kommunane får tildelt klasserom slik at du overnattar med dei andre deltakarane frå di kommune og reiseleiaren din. Hugs å ta med liggeunderlag og sovepose. På skulen er det klare reglar for stille og lys av, men det kan vere lurt å ta med sovemaske og øyrepropper. På klasserom skal det vere ro mellom 23.00 – 07.00. Lading av mobiltelefonar, PC-ar, nettbrett o.l. er forbode mellom 23:00 – 07:00. Om behov kan du lade ved sekretariatet (hovudinngang). Det blir nattevakter på skulen som sørger for at ingen utanfrå kan komme inn. Ha derfor alltid på deg festivalbandet som blir utdelt ved registrering ved ankomst. Alle deltakarar skal vere inne på skulen mellom 23.00 og 07.00.

Dusj og garderober finn du ved gymsalen.
Lurer du på kva du skal pakke med deg? Sjekk pakkelista!


Alkohol og andre rusmiddel
Det er nulltoleranse for bruk av alkohol og andre rusmiddel på arrangementet. Bruk av alkohol eller andre rusmiddel fører til heimsending på eiga rekning.


Mat
Alle måltid vert servert i kantina i Førde VGS. Alle måltid tar omsyn til innmeldte allergiar/diettar.
Fredag:
17.00 - 19.00 Middag: Taco
22.00 - 23.00 Kvelds: Brødmat
Laurdag:
08.00 - 10.00 Frukost: Brødmat
11.00 - 14.00 Lunsj: Kyllingsalat
17.00 - 20.00 Middag: Pizza
22.00 - 23.00 Kvelds: Brødmat
Søndag:
08.00 - 11.00 Frukost/Brunsj: Brødmat + restar
14.00 - 14.30 Avreisebaguett: kan takast med i handa


Sosiale media
Følg med på instagram: ukm_vestland eller snapchat: ukmvestland 

Husband
Vi har eit husband med profesjonelle musikarar som kan spele med alle som treng det. Vi ønskjer at alle som har playback sender anten lenke til sin versjon av låten, lydfil, eller notar slik at bandet kan øve det inn. Det blir sett av tid til øving med husband slik at de er klare til konsert.

Lyd- og filmfiler
Dei som skal ha lydfiler på sitt innslag (m.a. dans) må sende oss lydfiler av god lydkvalitet slik at teknisk personell har dette klart til show og prøver. Det samme gjeld for dei som skal vise fram film. Lyd- og filmfiler sendast til elise.hessevik@gmail.com om det ikkje er lasta opp på portalen ukm.no.

Workshops
Laurdag mellom kl. 09.00 og 14.30 blir det workshops. Her må ein melde seg på i forkant og det er første til mølla som gjeld. Dersom ein ikkje kan delta likevel, er det viktig å melde seg av slik at folk på venteliste kan få plass. Ein kan også møte opp i sekretariatet før workshops og få tildelt plass dersom nokon ikkje dukkar opp.

09.00 - 11.00: Samspel med Michael Barnes
10.00 - 13.00: Maol og Moro med Huldri
10.00 - 12.00: Dans Hiphop/Commercial med Andrine Faleide
10.00 - 12.00: Karakterdesign (kunst) med Camilla Vie
10.00 - 12.00: Låtskriving med Petter Sætre (Kristi Brud)
10.00 - 12.00: Teatersport med Greta Pemberton
10.00 - 12.00: Visuell identitet med Sara Westergaard
11.15 - 13.15: Samspel med Michael Barnes
12.30 - 14.30: Dans Moderne med Andrine Faleide
12.30 - 14.30: Kullteikning med Camilla Vie
12.30 - 14.30: Låtskriving med Petter Sætre (Kristi Brud)
12.30 - 14.30: Teatersport med Greta Pemberton
12.30 - 14.30: Coverart med Sara Westergaard

Påmelding til workshops er open! Alle kan melde seg på 1 workshop.
Dersom du har prøver samtidig som det er workshop, skal prøver prioriterast, men du kan gå tilbake til workshop etter at du har hatt prøve.

Les meir om workshoppane og meld deg på her.


Unge Arrangørar (UA)
Er du påmeldt som arrangør, konferansier eller media er du ein del av UA.
Som del av UA er du med på å arrangere fylkesfestivalen og er invitert til samlingar i forkant for å planlegge festival!

Digitalt oppstartsmøte:
Du velger sjølv om du vil vere med på samling 22. mars eller 26. mars. Begge kl. 18.00 - 20.00

Fysiske møter:
11. april: Førde (10.00 - 16.00)
12. april: Bergen (10.00 - 16.00)
Du velger om du vil delta på fysisk møte i Førde eller Bergen.

Oda, som er ansvarlig for UA, tar direkte kontakt med alle Unge Arrangørar for påmelding til samlingar.
Treng du Oda? Send ho ein mail på odaskistadnielsen@gmail.com

Med atterhald om endringar.