CREW - Tokke og Vinje
lørdag 17. oktober kl. 12:00 - lørdag 13. mars kl. 22:00
Vinje, Tokke
UKM-Crew – bli med bak scena! UKM står for Ung-Kultur-Møtast og UKM-Crew er ei gruppe ungdom som møtest jamleg for å lære korleis ein arrangerer konsertar, workshops og sceneproduksjonar. Du treng ikkje kunne noko frå før. Det viktigaste er at du er nysgjerrig, har lyst til å lære og vil vere med i eit godt fellesskap. Me har stort fokus på det sosiale, samarbeid og å bli trygge på kvarandre. På samlingane jobbar me saman med ulike oppgåver, lærer nye ting og planlegg UKM i Tokke og Vinje. Målet er at crewet skal vere med og styre heile UKM i mars! Kva kan du gjere i UKM-Crew? Det finst mange roller, og me treng ungdom med ulike interesser og styrkar: - Lyd og lys - Rigging av scene og utstyr - Planlegging og organisering - Kontakt med deltakarar og workshophaldarar - Søknader og økonomi - Kunstutstillingar og dekor - Konferansier og programleiing - Praktiske oppgåver under arrangement Kanskje veit du akkurat kva du har lyst til. Kanskje anar du ikkje kva noko av dette er. Begge delar er heilt greitt! Me finn ei oppgåve som passar for deg. Men ver førebudd: Du kjem til å jobbe. Du kjem til å bere, rigge, planleggje og stå på når festivalen går av stabelen. Du kan bli sliten i både rygg og bein, men du kjem også til å lære mykje, få nye vener og oppleve ting dei færraste ungdomar får vere med på. Dette er kanskje det næraste ein ungdom kjem Kompani Lauritzen! Kvifor vere med? I fjor blei Vinje kåra til Årets UKM-kommune i Telemark på grunn av satsinga på ungdomscrew. Nokre av ungdomane fekk òg vere med på UKM Landsfestivalen i Trondheim og jobbe i ei stor profesjonell produksjon. I år er Tokke med på laget, og saman skal me bli endå sterkare! Praktisk informasjon: Det er avgrensa tal på plassar i UKM-Crew, så du må melde deg på for å vere med. I haust blir det fire samlingar, med kick-off på Morgedal Høgfjellshotell laurdag 17. oktober. Etter påmelding får du tilsendt semesterplan. Samlingane blir på laurdagar og inneheld: - Sosiale aktivitetar - Kurs og opplæring - Arbeid og planlegging - Mat og moro Viktig å vite: ✅ UKM er alltid rusfritt. ✅ Du må vere så sjølvstendig at du kan overnatte utan føresette. ✅ Du vil få ansvar, og det er viktig at du er villig til å ta det ansvaret. ✅ Det vil alltid vere vaksne til stades. ✅ Aldersgrense: frå 8. klasse til og med 20 år.
Ofte stilte spørsmål

