UKM Stad
Hva skjer?
UKM Stad 2026 i Operahuset Nordfjord Du kan delta med: Song, musikk, dans, kunst, dikt, noveller, handverk, teikning, teater, konferansier /programleiar, arrangør, stand up, design, film m.m. Kven kan delta? • Alle mellom 10 – 20 år ( frå 4.kl til det året du fyller 20 år) • Du kan delta aleine eller saman med andre i ei gruppe. • Du kan ha med deg ein vaksen eller ein yngre i ei gruppe, men minst 50 % av gruppa må vere innanfor aldersgrensa. • Du kan gjerne delta med fleire innslag! • Eit fagpanel vel ut innslag som får muligheit å representere kommunen på fylkesfestivalen i april. For å komme vidare til fylkesfestivalen må ein vere 13 år (frå 7.kl). • Ein kan også be om å ikkje bli vurdert til vidaresending om ein ynskjer å kun delta på den kommunale mønstringa. UKM er ein flott moglegheit for born og unge å møtast, og ein trygg arena som verdsetter mangfald og kreativitet. Her får ungdomane moglegheit til å vise fram det ein driv med, møte andre likesinna og få oppleve, bli inspirert og motivert. UKM kan også vere starten på ein ny hobby, nye vennskap, ny tru på seg sjølv og til og med starten på ei karriere, for her kan du skap deg nettverk, vener og erfaring innan scene, lyd/ lys, utstilling, arrangør m.m