For Foreldre / føresette
Har du ungdom som er påmeldt fylkesfestivalen?
Dersom du har ungdom som er påmeldt fylkesfestivalen vil du finne all relevant informasjon om pakkeliste, bussrute og opphald på arrangementssida: Fylkesfestivalen i Møre og Romsdal 2026 | UKM. På nettsida vil du også finne ringeliste med kontaktinformasjon til kommunens reiseleiar.
Hugs reiseforsikring til ungdomen din. Paracet og liknande må du sjølv sende med ungdomen din, eventuelt informere reiseleiar om samtykke til utdeling av dette.
Er du føresett / forelder som ønsker å ta turen til Normoria for å sjå framsyningane, eller framsyninga som din ungdom deltek på? Lister med oversikt over framsyningane vert oppdatert fortløpande, og de finn detaljert program her: Program - Fylkesfestivalen i Møre og Romsdal 2026 | UKM. Informasjon knytt til billett til framsyningane vil også bli lagt ut i god tid.
Har du ikkje anledning til å ta turen heilt til Normoria, kan du følge livestreamen av framsyningane - desse leggast direkte på arrangementssida: Fylkesfestivalen i Møre og Romsdal 2026 | UKM 🎥
Har du spørsmål som du ikkje får svar på via arrangementssida, må du ta kontakt med den lokale UKM-kontakten i kommunen din 😊