Norddalen 2026
fredag 6. mars kl. 16:00 - søndag 8. mars kl. 15:00
Dovre, Lesja, Lom, Sel, Skjåk, Vågå
Hva skjer?
Det er duka for nok eit UKM i Norddalen Er det noko du kan som du ynskjer å vise fram? Meld deg på frå 1. desember! UKM er ein landsdekkande kulturfestival for alle mellom 10 og 20 år. Her får barn og ungdom profesjonelle rammer, eit sterkt fellesskap, ein møteplass å skinne på, eit publikum som lyttar, og muligheten til å ta reelle roller både som utøvarar og arrangørar. UKM er tilstades i kommuner og fylke over heile landet. På UKM kan du gjere akkurat det DU vil. Musikk, dans, teater, cosplay, kunst, film, foto, rigg, ljos, lyd, programleiar, backstage, produksjon – eller noko heilt anna du brenn for. Kort sagt: UKM er stedet der du kan vere deg sjølv og gjere det du digger! På UKM får du: - Eit profesjonelt og trygt sted å vere - Folk som heier på deg og idéane dine - Muligheten til å vise fram det DU brenn for - Sjansen til å prøve deg både som deltakar og arrangør UKM har plass til deg – akkurat som du er. Her handlar det om skaparglede, samarbeid og å vere ein del av eit fellesskap utan press og konkurranse. Du kan utforske det du liker, utvikle deg og møte både folk som delar interessane dine – og folk som driv med heilt andre ting. Vi håpar å sjå DEG på Otta den 6.-8. mars!
Ofte stilte spørsmål
Kontaktpersoner

Jertru Torsdotter Stallvik

anita moe

Endre Skjåk

Stian Bøhle

Martine Haugen
Oscar Amundrød
